Ny teneste i Rogaland, gratis råd til eigar av gamle hus!

Ryfylkemuseet er del av eit prosjekt frå Rogaland fylkeskommune med tilbod om synfaring og rådgiving av ein handverkar, antikvar eller arkitekt med kompetanse på eldre bygningar. Dette er gode nyheter for Lys i gamle hus og huseigarar i vår pilotkommune, Kvitsøy!

For deg som eig eit gamalt hus, vil dette seie at me kan hjelpe deg med råd og rettleiing. Me har dessutan eit lite utval av brukte bygningsdelar frå gamle hus.

Ryfylkemuseets nettside

Ryfylke bygningsvernsenter er den utovervende delen av arbeidet Ryfylkemuseet gjer knytt til bygningsvern og tradisjonshandverk, som privatpersonar som ønsker å ta vare på gamle hus og bygningsdelar i Ryfylke.

Gratis synfaring

Er du eigar av ein eldre bygning, og er usikker på kva du kan eller bør gjera for å ta vare på det? Då kan du ta kontakt med oss for gratis råd og rettleiing.

Bygningen treng ikkje vera freda eller formelt verna for å vera innføre tilbodet. Ta kontakt om du er usikker på om huset ditt er innføre ordninga. Tilbodet er avgrensa til eitt dagsverk pr. førespurnad.

Les meir: ryfylkemuseet.no

Kva får du ut av dette tilbodet?

  • Besøk av ein handverkar, antikvar eller arkitekt med kompetanse på eldre bygningar
  • Praktisk gjennomgang av eige bygg
  • Svar på spørsmål om eldre hus
  • Informasjon og råd om restaurering og vedlikehald
  • Informasjon om støtteordningar

Etter synfaringa får du eit kort skriftleg notat om bygningen og kva me såg på. Notatet inkluderer gjerne gamle bilde eller informasjon om vernestatus, dersom dette er tilgjengeleg. I synfaringa og rapport kan me og sjå på og snakke om den generelle tilstanden. Rapporten kan med fordel leggast ved søknadar om økonomisk støtte til antikvarisk restaurering. Museet tek gjerne bilete under synfaringa, dersom du tillèt det.