Voss er ny pilotkommune i Lys i gamle hus!

Lys i Gamle Hus er eit treårig nasjonalt prosjekt i regi av Fortidsminneforeningen. Voss herad er den sjette kommunen som blir med i pilotprosjektet. Frå før av deltek kommunane Heim i Trøndelag, Vinje i Vestfold Telemark, Kvitsøy i Rogaland, Rollag i Viken og Sør-Aurdal i Innlandet. Prosjektet har fått tilskotsmidlar frå Riksantikvaren, Bergesenstiftelsen og Husbanken.

Med deltagelse ynskjer Voss å å setja søkelys på det store potensiale tomme hus har. Ny bruk, eller ombruk av gamle hus er både bygningsvern og miljøvern, og har ei sentral rolla i ei berekraftig stadutvikling. Å setja i stand eit gamalt hus er sirkulærøkonomi i praksis, men også ein viktig premiss for tilflytting og rekruttering av arbeidskraft til bygda.

Voss har ein pressa bustadmarknad for både hybelbuarar, unge etablerarar, barnefamiliar og innbyggjarar generelt. Samstundes aukar talet av folk som søkjer seg ut av byane, til eit hus med «sjel» eller eit småbruk. Nyetablerte tilflyttarar har gjerne kompetanse som distrikta har behov for, også her på Voss.

Kaia Finne, næringssjef Voss herad

Prosjektet tek tak i fleire utfordingar bygda står ovanfor. Det handlar om behovet for arbeidskraft, bustadmangel og fokus på gjenbruk. Me må rett og slett aktivera eksisterande bygningsmasse, seier Kaia Finne, næringssjef i Voss herad. Ved å kopla dei rette personane klarte me raskt å rigga eit kinderegg av eit prosjekt med ambisjonar om å gjera ein forskjell. 

Å byggja nytt, fører til store klimagassutslepp; heile 40% av energibruken i Noreg er knytt til byggebransjen. Det er difor nødvendig at samfunnet innfører ein meir heilskapleg gjenbrukskultur, og ser potensiala i det som allereie finst. I fylgje SSB står det 211.000 tomme bustadar i Noreg, dei fleste i distriktet. I følgje Grønn Byggallianse blir det rive 22 000 bygg kvart år i Noreg. Med dette går både ressursar og bygningsarv tapt. Mange av bygga kan med rette tiltak, og som eit alternativ til riving eller forfall, setjast i stand og takast i bruk som ein del av lokal verdiskaping. Trevirket i gamle hus er gjerne av ein heilt annan kvalitet enn det ein får kjøpt i dag.

Dei mest miljøvennlege bygga er allereie bygd og me må tenkja nytt om den bygningsmassen me allereie har.     

Tora Lie Brunborg, bygningsvernkonsulent Voss Folkemuseum og prosjektleiar Lys i gamle hus Voss.

Den lokale prosjektgruppa er samansett av bygningsvernkonsulent tilknytt Hardanger og Voss Museum, representantar frå heradet og Fortidsminneforeininga sitt lokallag på Voss. Som ein oppstart vil prosjektgruppa etter avtale og interesse frå eigar kartleggja tomme hus. Handverkarar vil så i regi  av prosjektet kunna utføra ein enkel tilstandsrapport som fortel kva inngrep som trengst for eventuelt å ta bygget i bruk. I neste omgang kan eigar få rettleiing i korleis det på nytt kan bli lys i det gamle huset. Dette kan t.d. omfatta hjelp til å søkja midlar, og kartlegging av potensialet for restaurering, ombruk, utleige eller sal. Prosjektet vert òg kopla på Materialbanken som Jean-Christophe Scouarnec har starta. 

Prosjektideen tok form gjennom sommaren, og då Sparebankstiftinga Hardanger stilte opp med 400 000 kr i prosjektmidlar og Tora Lie Brunborg kunne ta på seg oppgåva som prosjektleiar, kom ein raskt i gang, seier Finne.  

Torsdag 14. desember kl. 19.00 inviterer Lys i Gamle Hus med Vossavri alle innbyggjarar til folkesamling og oppstartsmøte på Mølstertunet.

Det vert ljos i husa, informasjon frå prosjektleiar i Lys i Gamle hus nasjonalt og den lokale prosjektgruppa. Ein byr også på musikalske innslag og god stemning. Dersom nokon allereie no ivrar etter å melda si interesse kan ein ta kontakt med Tora Lie Brunborg på tora@fortidsminneforeningen.no. Sjå meir her!

Lys i gamle hus i regi av Fortidsminneforeningen jobber for bygningsvern og gjenbruk, for at hus som står tomme og forfaller kan tas vare på og med rette tiltak komme i bruk igjen. Vi er svært glade for at Voss tilslutter seg pilotprosjektet, som en del av heradet sin satsing på en bærekraftig stedsutvikling, 

Bianca Wessel, prosjektleiar Lys i gamle hus

Nå hastar det å få lys i gamle hus på Voss!

Foto:

Ein prestegard frå 1893 i Voss herad, som er under restaurering. Se @eiteventyr på Instagram.

Mølstertunet på Voss folkemuseum er eit friluftsmuseum, og eit regionmuseum for Voss og nabobygdene.