Prøvebu småbruk i Vinje!

Vinje kommune tek klimaansvaret på alvor, og det å ta vare på gamle hus og bygg er god sirkulærøkonomi i praksis. Ljos i gamle hus er eit pilotprosjekt av Fortidsminneforeininga, der målsetjinga er at tomme og forlatte hus i distrikts-Norge blir satt i stand og fylt med folk og liv! Alle type bygg inngår i satsinga, og bygningsvern og ombruk som står sentralt i prosjektet Vinje kommune ynskjer med dette å legge til rette for ulike bu-moglegheiter. 

Èin av desse moglegheitene vil vera å prøvebu-småbruk. Ordninga med prøvebu går ut på at kommunen leiger og framleiger småbruk, der folk som ynskjer å test-bu eit gardsbruk, får høve til det over ein god periode! 

Team prøvebu er oppretta for å syte for ein god prosess, og består av: 

  • Landbruksrådgjevar, Thor Christiansen
  • Representant frå styret i Visit Vinje, Anna Vinjerui Lid
  • Representant Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag, Tor Mølster Byggland
  • Representant Tokke og Vinje Bondelag, Bernt Olav Kringlegarden
  • Vinjelosen og prosjektleiar i Ljos i gamle hus, Silje Hagen

Team prøvebu ynskjer no å koma i kontakt med eigarar av småbruk, som kan tenkje seg å sjå på leigeavtale med kommunen inn mot denne satsinga! Småbruka treng ikkje vera nyoppussa og moderne – her er eldre småbruk kjærkomne.

Vinjelosen og prosjektleiar i Ljos i gamle hus, Silje Hagen

Ynskjer du å bu i Vinje eller om du er eigar av eit småbruk, og syns dette høyres interessant ut, ta kontakt med Vinjelosen, som også er prosjektleiar i Ljos i gamle hus Vinje, Silje Hagen for meir informasjon. Se også meir på vinjenaturlegvis.no

Oversikt over ledige gardsbruk i Vinje finn du her, vest-telemark.no